Sagnet forteller at «haugfolket» hjalp med slåtten på Storåkeren på Seim. Til gjengjeld fikk de øl og en fest i storstuen der. Til takk lot de stå igjen en stor bordplate, som kalles for «Tussebordet». Bordplaten eies av Lindås sogelag og henger utstilt på Strilamuseet på Feste. Sagnet og bordet er omtalt i avisartikler og litteratur. Nedenstående artikkel er skrevet av Sissel-Anny Hjelmtveit.
Huldregåva
Segna om ”Tussebordet i Seim”, ei gåve frå tussane:
«Den gamle Seimsgarden hev ikkje alltid hatt so mange smågardar og vore så folkerik som han er no. I staden for mange gardar og mange eigarar med kvart sitt stykke, var det før berre eitt bruk og ein mann som åtte alt saman. Og i staden for at det no er mange åkrar på ymse stader, var det ein gong berre ein einaste åker, men den åkeren var så stor, at det var knapt so ein kunne sjå enden på han. Dei kalla han Storåkeren.
Men om det var gildt å ha ein so stor åker, so var det ymse vanskar med han òg. I den tida var det ikkje so mange folk i bygdi som no. Den verste knipa var om hausten, når åkeren skulle skjerast og kornet skulle i hus. Då hende det ofte at kornet vart standande so lenge på rota, at mykje vart utskjemt. Og vart det frostnet, kunne det òg gjera stor skade.
Eit år såg det sers ille ut. Det hadde ikkje vore anna enn uvêr med storm og støyteregn heile sumaren og langt utpå hausten. Då det letta opp, var det so seint på hausten at ein kunne venta frost og kulde kva dag som helst. Åkeren stod uskoren og det var uråd å få tak i skurdafolk. Men når nauda er størst, er hjelpa nærast, seier ordtaket, og soleis var det denne gongen òg.
Ein kveld då mannen gjekk og dreiv utpå bøen, so sutfull og ottefull at han mesta var vitlaus, slo han hendene i hop og ropa med gråt i målet: ”Kva skal eg gjera? Her er ingi hjelp å få!” Då høyrde han det svara oppe i bakken: ”Jau, her er hjelp å få,” sa det. ”Vil du gjera det me bed deg om, so skal du få so god hjelp at du ikkje skal angra på det.” Mannen skjøna at det var tussane, haugfolket, som snakka og spurde kva dei ville ha for arbeidet. Jau, han skulle gå heim og hengja den største kjelen på gruva og bryggja opp alt det maltet som han åtte. Etterpå skulle han rydja storstova og flytta ut alt som var råd å flytta ut. Der skulle han setja ølkjeret midt på golvet, og eit anna kjer som var tomt og omsnutt attmed. Er det ikkje anna, so stend det ikkje på, tenkte mannen , og dermed tok han til å bryggja.
Utpå åkeren vart det ei ståkande natt. Det strøymde til så mange småfolk or alle haugar at det var ikkje tal på dei. Alle hadde eit lite blenkjande jarn i handa, mest som ein sigd eller ljå. Så tok dei til å skjera, og medan dei skar, song dei:
”Alle kan åkeren skjera,
ingen kan bendelen gjera”
For når ein skal gjera ein bendel, må ein slå ein knute slik at det vert mest som ein kross. Og alt som liknar ein kross, kan ikkje haugfolket, tussane, ha noko med. Men nok om da. Det tok ikkje lang tid før åkeren var skoren. Då morgonen rann, stod det ikkje eit strå att på rot. Då kom husbonden og folket hans ut og gjorde bendlar og sette kornet til tørk.
So snart kornet var tørt og innteke, vart storstova rydja og ølkjeraldi sett inn midt på golvet. Då kvelden kom, var det so fullt i storstova av tussar at det ikkje var til å undrast over at ho måtte vera tom. Større lag hev det visst aldri vore i stova korkje før eller sidan. Og so lystig og leikande gjekk det føre seg, at folk kunne høyra ståket lang lei.
Om morgonen då mannen kom inn i storstova, var ølkjeraldet borte. Det hadde tussane teke med seg, for dei visste at ingen kunne bruka same kjerald som dei. Det tome kjeraldet var også borte. Men tussane hadde sett etter seg eit bord, og det var so fint at ingen hadde sett maken. Det var eit kunstverk, med so mykje pryd på at ein kan ikkje tenkja seg det. Det var fint utskore med krot og kransar og med roser og blomar at ein kunne ikkje verta lei av å sjå på det. Dette bordet skulle mannen ha til takk for husvere og til minne om dei framande gjestene som hadde hatt slik ei morosam natt i huset hans.»
Bordet har vore knytt til Seimsgarden i uminnelege tider. I manns minne var det lagra på austre veggen i den gamle løa til slekta til Knut Harald Rydland på Seim. Det var brukt som langbord til større samkomer på garden og til å stå på når taket i stovene skulle vaskast. Truleg var det tilgjengeleg for alle bruka på garden. Arnulf (f. 1945) hugsar at det ein gong, ca. 1960, låg bak på svansen på ein traktor med eit slakt oppå. Om det var Harald Hopland eller andre som køyrde, hugsar han ikkje, men bordet var så langt at det kom utom svansen på båe sider.
Brynjulv Alver fortalde i 2005 at Hordamuseet hadde ein gong fått tak i det, men han greidde å lura det frå dei og fekk det «heim att». Truleg vart det då lagra hjå Olav Kvamme i Alversund. I dag er det Lindås sogelag som tek vare på tussebordet.