Båter i sogelaget

Båtsamlingen er plassert i to kommunale bygg nær kaien på Tveiten og i det gamle ishuset på kaien på Myksvold.

Austfjordbåten

Lindås – Meland – og Radøy sogelag og Lyngheisenteret på Lygra samarbeider om å bygga kopi av Austfjordbåten. Båten er ein åttring frå Austfjorden i Nordhordland.

Oselvarverkstaden sin film om bygging av kopi av Austfjordbåten, som er en åttring, kan finnes her: .
https://www.youtube.com/watch?v=4pOVz6o-CSI

Austfjordbåten, eller Kikallbåten, er ein råseglbåt av storleik firkeiping, lengde 7,13 meter, som var felleseiga for gardane Dyrdal og Skår i Austfjorden i Alver kommune.

Båten vart bygd ca 1890 av Jon Jonson Kikall (1853 – 1924) som budde på Sørkvingo i Masfjorden. Han var ein av dei siste båtbyggjarane i Austfjorden som bygde dei gamle råseglbåtane.

Lokalt vart båten kalla for «Kyrabåten» då han m.a. vart brukt når kyrne måtte eit nødvendig ærend til oksen på Stall. Båten vart og nytta til vedtransport, kyrkjereis til søndagsgudstjeneste, bryllaup, gravferder og andre ærend der dei hadde bruk for ein ekstra stor båt.

Båten er under bygging på Oselvarverkstaden på Os.

Båten er ferdig bygget og ble levert 2025. Om du vil vera med på dugnads- arbeid og drift og vedlikehold av sogelagets båter kontaktar du Lindås sogelag.

Båten skal stå i naustet i Utlurvågen ved Lyngheisenteret. Der skal båten brukast i eit undervisningsopplegg for grunnskulen.

Styret i Lindås sogelag var i november 2024 til Oselvarverkstaden og tok byggearbeidet i augesyn.

Sjå bilder. Fotograf er Anne Mette Prestegård.

Status på båtbyggingen i februar 2025