Send oss en E-post:

Skrevet av Super User

Lindås sogelag

LOVER FOR LINDÅS SOGELAG

1. Lindas sogelag arbeider for å samla, ta vare på og gjera ålment kjent og tilgjengeleg alt tilfang som har gjera med almenn soge, gards- og ættesoge, levevis, folkeminne, stadnamn og mal i Lindås kommune.

Laget skal vera innmeldt i Landslaget for bygde- og by historie.

 

2. Medlem vert kvar den som betaler årspengane. Medlemskapen er gyldig ut det året årspengane er betalte, og året etter.

 

3. Laget har eit styre på 5. Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemer, 2 varamedlemer og 3 medlemer til valnemnda. Medlemer er valde for 2 år, leiar og varamedlemer for eitt år om gongen. Medlemer til valnemnda for 3 år. På årsmøtet for 2015 vel årsmøtet 3 medlemer til valnemnda. 1 for 3 år, 1 for 2 år og 1 for 1 år. Styret skal seinast 1 månad etter kvart årsmøte velja nestleiar, skrivar og kasserar. Kasserar treng ikkje vera styremedlem. Styret er vedtaksført med 3 frammøtte medlemer eller varamedlemer.

 

4. Styret leier lagsarbeidet mellom årsmøta, og skal føra møtebok. Det gjer vedtak med vanleg fleirtal. Styret kan skipa arbeidsgrupper med medlemer i og utanfor styret for å løysa særskilde arbeidsoppgåver. Styret legg fram årsmelding, revidert rekneskap og eit framlegg til prioritert arbeidsprogram for årsmøtet. Rekneskapsåret fylgjer kalenderåret.

 

5. Årsmøtet er den høgaste styringsmakta i laget. Det vert halde før 1. mai etter skriftleg innkalling med 8 dagars varsel.

Årsmøtet skal gjera vedtak i fylgjande saker:

årsmelding

rekneskap

- val av leiar for laget

- val av 2 styremedlemer

- val av revisor

- val av 2 varamedlemer til styret

- val av 1 medlem til valnemnda

- arbeidsprogram

- storleik på årspengane

  • andre saker eit fleirtal på årsmøtet vil ta opp eller som styret har sett på innkallinga.

 

6. Eit fleirtal av styret eller 1/4 av alle som har gyldig medlemskap kan krevja omframt årsmøtet innan 14

dagar fra kravet er framsett for ein medlem i styret.

 

7. Årsmøtet kan brigda lovene med 2/3 fleirtal av dei frammøtte, når endringsframlegget er kunngjort i

innkallinga. Lovframlegg som kjem til styret før 15. februar, skal styret ta med i innkallinga.

 

8. Ei eventuelt oppløysing av laget, skal handsamast på same måte som vedtektsendring.

Lindas kommune avgjerd di kva som skal skje med laget sine samlingar.

 

Lovene er vedtekne på skipingsmøtet i Dalheim 14. mars 1982. Endra på årsmøte 16. mars 2005 og 15. mars 2015.