Her skal du finne rapporter, meldinger og invitasjoner fra styret

UTFLUKT – INVITASJON

Torsdag 24. oktober 2024 arrangerer Lindås sogelag tur til Bryggens Museum.

Me møter opp på Bryggens Museum kl 18.00.

Alle deltakarane kjøper sjølv bilett. Pris kr 120,- om gruppa vert 10 eller fleire deltakarar.

Ein formidlar tar oss med rundt i utstillinga. Omvisinga vil ta ca. 30 -45 min. I tillegg anbefalar museet å kikke litt rundt etterpå, så me må rekna rundt 60 min på eit slikt besøk.

Du kan og ta med deg andre som ikkje er medlemer i sogelaget.

Påmelding til Jarle Vassdal 90 92 74 21 jarl-vas@online.no eller ein av dei andre i styret i sogelaget.
Meld også om du kan køyra sjølv, og om du kan ta med deg andre som skal til museet.
Det er og mogeleg å ta bussen.

Påmeldingsfrist er 16. oktober.

MVH
Lindås sogelag
v/ Jon Arne Hopsdal
99 23 32 91

VIPPS TIL LINDÅS SOGELAG. MIMRA

Vipps nr:   Lindås sogelag    eller    944609


Mimra:
Mimra kjem ut årleg, første laurdag i oktober.Mimra kan kjøpast i bokhandelen i Knarvik Amfi, og bokhandelen i Øyrane torg i Arna.Og i butikken på Hjelmås, Seim og i Rema 1000 på Lindås. Prisen i 2024 er kr 200,-.

Eldre utgåver av Mimra kan du kjøpa i bokhandelen i Knarvik Amfi. Prisen på eldre utgåver av Mimra er kr 150,-


Sogelagets vipps fungerte ikkje på mimrasleppet 2024. No er vippsen "oppe og går", og dei som ikkje fekk betalt på mimrasleppet kan betala no. Prisen er kr 200,- Husk å oppgi navnet ditt.