Nasjonalbiblioteket er ei av fleire kjelder som er svært nyttige for slektsgranskning.

Pålogging til nb.no i ein nettlesar.

I Nasjonalbiblioteket får du tilgang til: dei fleste pliktavleverte bøker, aviser og tidsskrifter utgitt i Norge som finst digitalisert:

  • Om lag 550.000 bøker.
  • Om lag 2,3 millioner norske aviser 14 dager gamle eller eldre.
  • Om lag 64.000 tidsskrifter.
  • Radioprogram
  • Bilete

Døme på info du kan finna i Nasjonalbiblioteket er: dødsannonsar, forlovelsar, ekteskapslysingar, personomtalar, bygdebøker, omtale av forlis og andre ulukker, samt mykje meir.

Søkefeltet finn du ved å klikka på «Nettbiblioteket» på toppen av sida, til venstre, eller ved å rulla litt nedover på den første sida.

Noko stoff får du tilgang til utan vidare berre med å opna sida nb.no, men for å utnytta alt bør du registrera deg som brukar av Nettbiblioteket, som er kostnadsfritt.

Det gjer du ved å klikka på «Meny» heilt oppe til høgre.

Då får du opp ei side med mange valg. Klikk på «Tilgang til nettbiblioteket».

Når du så rullar heilt nedover på den sida som då kjem opp, finn du: «Snarvei til søknadskjema om tilgang til pliktavlevert materiale» Klikk på den, og velg pålogging med ID-porten.

Ved første gongs pålogging må du registrera namn, adresse, osb. Resten er eigentleg sjølvforklarande.

Pålogging med ID-porten gjev tilgang i 8 timar.

På meny-sida finn ein også mange lenker til gode forklaringar på korleis ein kan finna fram i den mengda med informasjon som er samla i Nasjonalbiblioteket.

Sjå særleg:

Meny: Veiledning og bibliotektjenester, Søke i samlingen.

og Meny: Søketjenester.

Nokre søkjetips:

Set hermeteikn rundt søket visst du ønskjer å søkja på en bestemt frase. Ola Nordmann gjev treff på både Ola og Nordmann, mens «Ola Nordmann» berre gjev treff når begge orda er tilstades og inntil kvarandre.

Du kan bruka * for å søkja etter ord med fleire eller ukjente endingar. Barn* gjev også treff på barnehage, barneskole, barndom o.l..

Eit søk med to ord vil automatisk søkja etter begge orda. Dvs. at søk etter Per Kari er det same som å søkja Per +Kari.

Per OR Kari finn objekt der eit av namna finns.

Per -Kari finn objekt der Per finns og Kari ikkje er med

Sjå fleire søkjetips på meny-sida